1. Hjem
  2. Om Stavanger kommune
  3. Stavangerstatistikken
  4. Befolkning og levekår
  5. Befolkningsjuletre

Befolkningsjuletre

Kor mange fleire innbyggjarar har me fått i 2025, og kor mange har flytta inn og ut av Stavanger? Sjekk folkestatistikken i juletreformat!

Me kan notera oss eit fødselsoverskot: I løpet av dei tre første kvartala har 1251 nye siddisar sett lyset, medan antallet dødsfall er 701. Nokre flyttar ut og andre inn, men flest gjer det siste - så me har ei nettoinnflytting på 776. Totalt har folketalet auka med 1326 personar hittil i 2025.

Oppe i venstre krok av den første rapporten kan du jamføra med andre norske byar, og me kan røpa at Stavanger kjem godt frå samanlikninga! Me har større folkevekst enn både Bergen og Trondheim ved utgangen av 3. kvartal 2025. I rapporten lenger nede finn du folketal for dei ni bydelane i Stavanger. Og her finn du enda meir statistikk

Obs: Tala i julekulene er frå 1. oktober, medan tala i toppstjernene på by- og bydelstrea er heilt ferske og blir oppdaterte dagleg. 

Kontaktinformasjon

Ståle Kaldahl Bottenvik

Rådgiver
Byutvikling
By- og samfunnsplanlegging

Telefon:
51 91 23 68
E-post:
stale.kaldahl.bottenvik@stavanger.kommune.no