PC: Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Næring og arbeidsliv
  3. Landbruk i Stavanger kommune
  4. Jordbruksareal og gjødsel
  5. Meld frå om beiteareal som kan omregistrerast til dyrka jord

Meld frå om beiteareal som kan omregistrerast til dyrka jord

Har du beiteareal som du meiner er jamne og slette nok til å kunne haustast med maskin ifrå gammalt av? Då kan det vere aktuelt å få desse omregistrerte som overflatedyrka jord. Landbrukskontoret tar imot forespørslar der du melder frå om slike areal. Omregistrering kan gi fleire fordelar: Høgare fosforgrense ved gjødsling, arealet er ikkje søknadspliktig som spreieareal og har høgare sats for arealtilskot Vi oppmodar alle som har innmarksbeite i kommunen med behov for meir spreieareal om å lese grundig gjennom denna sida og vurdere om dette kan vere aktuelt for deg.

Bakgrunn

Spreieareal

I det nye gjødselregelverket vil fleire bønder slite med å ha nok spreieareal for husdyrgjødsel. Landbrukskontoret i Stavanger kommune har observert mange gangar at delareal i område registrert som innmarksbeite oppfyller krav for overflatedyrka jord, det vil seie at dei er rydda og jamna i overflata og kan maskinhaustast. Arealet må vere på minst 0,5 dekar.


Overflatedyrka jord blir rekna som spreieareal utan spesiell godkjenning og har høgare fosforgrense enn innmarksbeite. Ved å registrere desse areala som overflatedyrka jord på gardskart vil det bli meir tilgjengeleg spreieareal utan behov for fysiske tiltak. Difor har vi på landbrukskontoret bestemt oss for å gjere ein ekstraordinær innsats for å omregistrere innmarksbeite som oppfyller krav til overflatedyrka jord.

Ikkje nydyrking

Dette skjemaet er meint for bønder som eig eller leiger areal registrert som innmarksbeite på gardskart, men som oppfyller krava til overflatedyrka jord.
Dette gjeld berre areal som har vore slik i lang tid (dvs. sidan 1997 eller tidlegare). Dersom du vil rydde og jamne areal no og gjere dei om til overflatedyrka jord, må du søkje om nydyrking, jf. forskrift om nydyrking § 4. Les meir om dette her.

Prioriteringar

Merk: Dette er ein ekstraordinær innsats, og vi må prioritere våre vanlege lovpålagde oppgåver framfor dette arbeidet. Framdrift med dette er difor avhengig av vår kapasitet, og det kan ta tid før vi kjem til deg. Det er viktig at informasjonen du sender oss er så nøyaktig som mogleg for å gjere vår jobb enklare og meir effektiv.

Dersom noko i innmeldinga er feil eller mangelfullt, kan innmeldinga di bli nedprioritert. Har du problem med innmeldinga, spør først nokon andre om hjelp og ikkje landbrukskontoret, slik at vi har meir kapasitet til å utføre sjølve jobben.

Vilkår for omregistrering av areal til dyrka mark

For at vi skal kunne vurdere din førespurnad om omregistrering, må du lese gjennom og godta desse vilkåra:

  1. Kjennskap til kriterium
    Du må ha gjort deg kjent med krav for omklassifisering av innmarksbeite til overflatedyrka jord, slik dei er skildra i NIBIO-rapporten «Klassifikasjonssystem AR5»

  2. Oppfølging er kapasitetsavhengig
    Du må vere innforstått med at oppfølging avhenger av landbrukskontorets kapasitet, tilkomst, vêrtilhøve og kvaliteten på informasjonen du gir oss.

  3. Korrekt og fullstendig informasjon
    Du må gi opplysningar som er så nøyaktige og fullstendige som mogleg (les vidare). Mangelfull eller feil informasjon kan føre til at førespurnaden din ikkje blir prioritert eller fylgt opp.

  4. Større tiltak krev eiga søknad
    Dersom du planlegg større tiltak for å gjere arealet haustbart med maskin (som grøfting, rydding eller planering), må du sende eiga søknad etter nydyrkingsforskrifta. Slike areal inngår ikkje i denne innmeldinga.

  5. Konsekvensar ved ulovleg nydyrking
    Dersom det blir avdekt at du har dyrka utan nydyrkingsløyve, kan kommunen vurdere avkorting i produksjonstilskot (Forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket § 11), og du kan bli pålagt å reparere skaden (Forskrift om nydyrking § 12, 2. ledd).

 

Korleis melde inn?

Henvendinga sender du som e-post til kommunen (postmottak@stavanger.kommune.no) og ho skal merkast med:
«Gnr/bnr 123/4 – Melding om innmarksbeite som held krava til overflatedyrka jord».

Eksempeltekst i e-post

Eg driv om lag xx dekar innmarksbeite som eigentleg held krava til overflatedyrka jord på jordbruksareal som eg eig/leiger på eigedommane:
Gnr/bnr «123/4 og 5» og «234/1, 5 og 6» (osv.). Sjå vedlegg for oversiktskart over områda det gjeld. Eg har lese vilkåra på landbrukskontoret si heimesida og godtek dei.

Med helsing
Fullt namn
Telefonnummer

Kartvedlegg

For å lage kartvedlegg tilrår vi at du brukar «NIBIOs Gardskart».

I kartvedlegga skal områda vær markerte med farga felt, og kvar flekk viser arealstorleik. Dersom flekkane blir svært små på kartet, vil vi helst at du sendar fleire kartvedlegg som er zooma inn, og at dei er markerte med kvar flekk ligg i eit større (zooma ut) kart.


Driv du fleire landbrukseigedomar, sender du ei separat henvending per landbrukseigedom.